Dekoren i Jærbunaden

RAKELS TANKER OMKRING JÆRBUNADEN

Etter at eg ei tid utan hell hadde arbeid med å finna uttrykk og ornament som dekor og «sjel» til ein bunad for dotterdotter mi, kom den gilde Jærboka til heimen vår. Ho løyste draumen, som så blei forma og festa til bunaden.

Det måtte bli markblomane. Frå treårsalderen hadde dei stått meg nær, då farbror lærte meg dei å kjenna. Alt då sa han om jonsokblomen, «du gjerne plukka nokre av dei, men du skal vita at dei er vakrast der dei veks, og det er ikkje så mange av dei.»

Markblomane lever i sin egen venleik i boger av tid og med dropar av blod mellom, hjå oss som andre stader. Å sjå dei, få dei, halda dei i handa, er ei glede for born i all tid og alle aldrar. Vakrast er kanhende dei me fekk av små barnehender medan barneaugo såg oss langt inn i sjela. Kor mange blomekransar er ikkje bundne, og skal bindast, i glede over venleik, overflod og samarbeid?

Myrulla svevar i vinden over myra på Jæren – ennå ei tid. Som i eventyret sit ennå jenta nattes tider og spinn, vev og syr skjortene til brørne sine, gjer prinsar av villender. Ennå lever mødre og dørtre som putter myrull i dokkedyner. Ennå ei tid-.

Ennå flammar det raudfiolett over heiana våre. Røsslyng gjev honning til kropp og sjel for store og små. Ennå ei tid-.

Jærtistelen med si ljoslilla høgtid uten evne til å stikka. Blant alle valde han oss berre oss, til sambuarar. Lat han bli teiken på mild og tålsom ferd.

Marikåpa ber namn etter Maria Møy. Lat oss ta med alle dei andre mariamøyene som dekkjer jorda med sine gode sinn og varme hender, slik blomen dekkjer veiter og sår med dei ørsmå gulgrøne blomane og vakre dropepynta bladene sine.

Jonsokblomen, blomen med namn etter Johannes døyparen. Han som rydda veg for Han som er god, for det som er godt og ljost er. Som døyparen står han heller einsam utover rabbane og roper. Kom, sjå sola!

Maria og Johannes, forvaltarer av det gode i livet. Me har del i dei alle, og delar vekta av deira bør og deira syner.

Kornaksa, porten til det lova landet, landet som gjev mann og kvinne mat og utkome. Bølgjande åkrar av alle slag har ein venleik som vel kan målast med villmark, og som lever i eins indre blikk straks ein kjem utanfor heimegrensa.

Ei gyllen krone til takk for tru og slit!

Det gyldne trekantmotivet står for Skaparen, Skapningen og sambandet mellom dei, det ekte og evige.

Det blå er for far, mor og barn. Ei stor «miniverd» som speglar ein himmel av.

Og midt mellom all stasen flyg vipa, Jæren sin fugl framom alle andre. Like velkome, elska og venta er hennar bod som vår, om ljos og von, om livet det evige, like kjærkome år etter år.

Ennå har me høve til å elska, æra og dyrka denne arven, også som små symbol på ein bunad.

Dette «litt av meg sjølv» gjev eg til mødre, søstre, og døtre av Jæren, frå bygdene og byane, frå Byfjorden og Tungeneset i nord, kystlina til Ogna i sør og opp i fjellheimen på Høg-Jæren, alle som innanfor og utanfor bur, med von om at kjærleiken til den gode jorda, den høge himmelen, heimen og slektsskapen blir ære og dyrka i all tid.

Rakel Lapin

Butikk og nettbutikk vil være stengt pga mammapermisjon fra 24/6 - 14/9-23. Ordrer vil ikke behandles i denne perioden. Fjern